Om oss

Sarte små spirer, duftande sjarmtroll og høge raketter i deilige fargar tryllast det med kvar dag i Løvens Hule.

Kanskje ynskjer du blomar med snert, fart og spenning?
Ein blomstrande symfoni av skjønne, vakre, friske gledesspredarar? - som vakker berre-fordi gåve til deg sjølv, bursdagsblomster på døra-leveranse til bestemor på Saunes eller overrasking til onkel og tante på rundreise ut i den store verda?
Å feire eit nytt liv….skape ein heim…dekkje vakre bord til kvardags, brullaup og fest….glede konge og gjest…..ære kjende og kjære med eit vakkert og minnerikt arbeid ein aller siste gong…?
....eller kanskje treng du sjølv litt magisk blomsterglede...?
Då er du komen på rett stad, på vandring inn i Løvens Hule:-)

Vi ynskjer at våre kundar skal få oppleve alt det vakre blomsterverda kan by på, stresse ned, nyte dagen, lukte på blomane, få inspirasjon og setje pris på dei små gledene i livet.Vi har tru på det gode liv....utan alt stress og mas:-)

 Derdor kan vi stå til teneste med alt dette....:

Vakre blomar og binderi...
...til alle store dagar heile livet gjennom... 
¤ Bukettar
¤ Dekorasjonar
¤ Plantegøy
¤ Brullaup 
- Brudebukett, forlovarsmykke, knapphullscorsage, hårpynt, brudepike - brudesvein, kyrkjepynt, pynting av lokale, bordpynting, bilpynt og stæsj
¤ Begravelse
- kistedekorasjonar, kransar, hjerter, kors, spesielle former, tepper, båredekorasjonar og bårebukettar
¤ Selskapsdekorering/ dekoratør heim-løysing til livets gøye dagar 
- barnedåp, konfirmasjon, bursdag
¤ Arrangement-/ scene-/ selskapsdekorering i større skala som festivalar, konsertar, møter, kongressar/seminar o.l.
¤ Sesongdekorering
- vår, påske, festtid, sommar, haust, vinter, advent og jul...det fins alltid ei tid til å nyte blomster...
¤ Grøne miljø for private og bedrifter.
¤ Spanande og blomstrande interiørmiljø i butikken
¤ Interiørkonulentteneste - for spanande og lekre miljø
¤ Hagekonsulentteneste og utforming - gi det rette førsteinntrykket!
¤ Blomsterlevering - lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Ta kontakt med oss for tilbod eller avtale...
...så ordnar og tryllar vi...:-)

...pssst!...Nyt dagen og hugs at friske og vakre blomar gjer deg glad i sinnet og varm om hjartet…Unn deg ein blome i dag!